torsdag 31. januar 2008

Eg satte meg på bussen ved karmsund i dag som vanlig, det var den tynne mikrofonmannen som opna døra på den stappfulle bussen der aldersgjennomsnittet på over 70. I det me snegla oss nedover salhusvegen og stoppa på kvart einaste busstop for å bli kvitt den tilsynelatande aldriendande straumen av pensjonistar, tenkte eg over at han hadde kjørt i minst ein kilometer utan å bruka mikrofonen (eg mistenker at dette er ny rekord). Videre tenkte eg på pensjonistar, menn med kapteinshuer og damer med blålilla hår og permanent som iallefall ikkje var laga denne veka, Dei strømma fortsatt ut dei bråkande bussdørene. På oasen stoppa bussen å plukka opp minst 5 svært overvektige damer med lik frisyre og like frakkar. Ja eg veit at denne bloggen egentleg skal handle om bussjåførar... Dette må vere ein slik baklengssdag der bussjåførane oppfører seg heilt normalt, mens eit fåtall av passaskjerene virka som oppegåande individer. Iallefall trengde eg ikkje å sjå langt etter materiale for ei bok om spesielle individ. Bussen køyrde heilt til koparvik utan stopp, om ein skal laga statistikk etter dagens busspassasjerer har det i dag vert uvanleg mykje åkra og skudenes folk i haugesund i dag. Meir er dessverre ikkje å seie om denne bussturen som for meg hadde sitt naturlege endepunkt i kopervik
Breaking news!
Breaking news!
Breaking news!

Kotelettene har ikkje lenger koteletter...
Den bussjåføren med mest karakteristisk sveis har nå trimma kotelettene. forhåpentligvis gror dei fort ut igjen.

Me saknar kotelettene!

tirsdag 29. januar 2008